Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Det er ikkje mange stader du får begge delar: breidda i faget og eit fagmiljø der du er meir enn ein i mengda. Her veit folk kven du er og kva du heiter, og vi legg til rette for eit gjennomført spesialistløp og vidare utvikling mot ei framtidig overlegestilling.

Nevrologi er eit fag med stor kompleksitet og få enkle svar, men òg eit fag i rask utvikling, der både forsking, behandling og pasientforløp er i endring.

Du vil arbeide tett på pasientar der små nevrologiske endringar kan få store konsekvensar for liv, identitet og funksjon. Du får tidleg reelt ansvar, rettleiing og brei klinisk erfaring. Avdelinga ligg i toppetasjen på eit nytt og moderne sjukehus i Haugesund, med rammer som støttar både fagleg fordjuping og godt samarbeid i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Akutt vurdering, utgreiing og behandling av pasientar på sengepost, samt gradvis ansvar i poliklinikk.
  • Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og vil ha tett samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sjukepleiarar.
  • Du blir ein aktiv del av fagmiljøet og får bidra i internundervisning og faglege diskusjonar i avdelinga.
  • Inngå i ei strukturert og oversiktleg vaktordning (8-delt vakt til stades), som gir brei erfaring og aukande ansvar

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som lege, har gjennomført LIS 1.
  • Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Du ønskjer å spesialisere deg i nevrologi.
  • Du trivs med tett og tillitsskapande pasientkontakt, samarbeider godt med kollegaer og trivs i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Du tek ansvar, viser initiativ, ønskjer å utvikle deg og er påliteleg.

Vi tilbyr

  • Tid til å bli god
    Jamleg rettleiing, tid til fagleg fordjuping og god opplæring. LIS-utdanninga er strukturert og legg til rette for trygg progresjon gjennom spesialistløpet.
  • Ein arbeidskvardag som går opp
    Livet utanfor arbeid betyr noko. Mindre avstandar og kø, gode bumoglegheiter, nærleik til natur og fritid. Du vil òg avspasera kvar 8. veke.
  • Lære meir, raskare
    Hos oss får du ei bredde i pasientgrunnlag og ansvar som mange større sjukehus ikkje kan tilby. Det førar til ei bratt læringskurve og trygg klinisk utvikling.
  • Bli sett og følgt opp
    Me er store nok til å gi deg eit solid fagmiljø og små nok til at du ikkje forsvinn i mengda. Du får tett oppfølging, blir sett pris på og får jamleg rettleiing frå erfarne spesialistar.
  • Utviklingsmoglegheiter
    Du blir ein del av eit fagmiljø i utvikling med reelle moglegheiter for vidare karriere som overlege, òg eventuelt med akademisk tilknyting.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Eirik Haavik
Tittel: Avdelingsleiar
E-post: eirik.haavik@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen