
Vil du vere med å vidareutvikle ei solid og fagleg sterk anestesieining ved Stord sjukehus?
Stord sjukehus er eit akutt- og lokalsjukehus med eit nedslagsfelt på over 50 000 innbyggjarar og inngår i Helse Fonna.
Anestesilegane våre er tilstades i aktiv vakt ved sjukehuset heile døgnet. Vi har ikkje LIS i anestesiologi, difor er anestesioverlegane tett på pasientane i operasjonsavdelinga, i fødeavdelinga, i intensivbehandling og i akuttmottak. Her får du nytte breiddekompetansen som anestesilege.
Eininga har om lag 2000 anestesiar kvart år til pasientar innan generell/gastro kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, øyre-nase-hals, urologi, ECT og større sårrevisjonar m.m. Vi fordeler operasjonane på 4 operasjonsstover.
Sjukehuset har ei mindre intensiveining og anestesilegane deltek i behandlinga av kirurgiske/gynekologiske pasientar på intensiv og medisinske pasientar på respirator. Som anestesioverlege hos oss vil ein rykke ut på ulike alarmar som akutt føde (dårlig nyfødd), akutt keisarsnitt, hjartestans og traume. Anestesilegane deltek og i utvida medisinsk akutt team.
Hos oss vil du inngå i ein 6-delt tenesteplan det er mogleg å få ei 0-timars veke ei av seks veker.
Stord sjukehus ligg på ei øy på Vestlandet. Det er god tilgang til fritidsaktivitear både på sjø og land. Det er kort veg til bysentrum i Leirvik frå sjukehuset (10 min gange) og Haugesund bysentrum er ein biltur unna (bru og undersjø tunnell). Du kjem til Bergen på under to timar med ferje og bil, ein kan og nytta hurtigbåt til Bergen.
👉 Høyres det ut som noko som kan passe for deg? Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg!
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.