Kort om arbeidsgiver
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Er du den nye fastlegen vår på Vindafjord legesenter?
Vindafjord legesenter søker ein engasjert fastlege til å overta ein veletablert fastlegeheimel til kommuneoverlegen i Vindafjord kommune. Her får du høve til å etablere deg i eit framtidsretta senter.
Stillinga gir deg høve til å jobbe i eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø, der du blir ein viktig del av eit lokalsamfunn midt i naturskjønne Vindafjord.
Om Vindafjord legesenter
Vindafjord legesenter er eit veletablert legesenter i området, med fokus på kvalitet, godt arbeidsmiljø og effektiv drift. Legesenteret har 5 fastlegar og LIS1, og samarbeider tett med Ølen legesenter for fagleg sparring og støtte. Drifta blir handtert av Smartlegen, og du jobbar som sjølvstendig næringsdrivande på fastprisavtale. Du bevarer fridommen din – utan administrativ belastning. Driftsmodellen blir allereie nytta ved fleire legesenter, og legane gir svært gode tilbakemeldingar på fleksibilitet, føreseielegheit og balanse mellom jobb og privatliv.
Du vil tre inn på legekontoret utan krav om innkjøp i praksisen eller økonomisk risiko knytt til drift, inventar eller utstyr. Det er berre pasientlista som blir kjøpt, og denne blir eigd av legen.
Om stillinga:
Vi søker ein fastlege som ønsker å etablere seg som sjølvstendig næringsdrivande fastlege. Legen inngår individuell avtale om fastlegepraksis med Vindafjord kommune.
- Godt etablert fastlegeliste med 800 pasientar
- Gruppepraksisen består av fem legeheimlar
- Gode arbeidsvilkår og fleksibilitet i arbeidstid.
- Moglegheit for fagleg utvikling og samarbeid med erfarne kollegaer.
- Eit stabilt og godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver:
- Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt, av dette 17-delt vaktbelastning med bemannalegevakt sentral og god fastlønn for vaktarbeidet.
- Stillinga kan tilpliktas kommunal bistilling etter avtale.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo og sjukmeldingsrett
- Gjennomført turnusteneste/LIS1
- Spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering (ALIS)
- Det blir stilt krav om politiattest i tråd med føresegner i helsepersonellova
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå fastlegepraksis er ønskeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
- Du må like å arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- Du må ha evna til fleksibilitet, handlekraft, vere omgjengeleg og trivst godt medallmennmedisinsk arbeid.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Om Vindafjord kommune:
Vindafjord kommune er ein kommune med vakker natur som tilbyr eit variert landskap med fjordar, skog og fjell, perfekt for friluftsaktivitetar. I tillegg til vakre omgivnader, har Vindafjord eit inkluderande lokalsamfunn, eit godt kulturliv og eit breitt tilbod innanfor fritidsaktivitetar for både unge og vaksne.
Som ein del av Vindafjord kommune får du gode vilkår og moglegheiter for samarbeid med både kommunale helseaktørar og fastlegar. Du får også tilgang til eit sterkt fagleg nettverk og kontinuerleg fagleg utvikling.
Vi tilbyr:
- Ingen økonomisk risiko i praksisen
- Gode innteningsmoglegheiter
- Fleksibelt og føreseieleg
- Smart balanse mellom jobb og privatliv
- Legen eig pasientliste og bevarer autonomien sin
- Gratis parkering
Søknadsfrist: 07.06.26
Søknad: Send søknad med CV og relevante vedlegg til lea@smartlegen.no
.For meir informasjon om stillinga, kontakt Lea Bjøringsøy på telefon 932 97 474 eller lea@smartlegen.no.
Vi ser fram til å høyre frå deg!