Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?

Hos oss vil du bli ein del av eit levande og tverrfagleg behandlingsmiljø, der vi saman jobbar for å tilby eit breitt spekter av behandlingstilbod. Folgefonn DPS har lokasjonar på Valen og i Odda, og vi gir eit bredt behandlingstilbod innan  rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, gruppepoliklinikk, FACT samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern. Vi har eit godt og breitt tverrfagleg behandlingsmiljø med 4 overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, 2 LIS legar/ ALIS og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning. Arbeidsplass er på Valen, på poliklinikk eller døgn.

Folgefonn DPS sitt opptaksområde er kommunane kvinnherad og Ullensvang. Befolkningsgrunnlaget er omlag 20 000 vaksne innbyggjarar.

Ein spennande periode for utvikling
Vi er inne i ei spennande tid der vi vidareutviklar behandlingstilboda våre, både poliklinisk og innan døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling på Allmennpsykiatrisk poliklinikk – ein unik sjanse til å bli ein del av ei fagleg satsing og bidra til fagutviklinga.

Er dette noko for deg? Vi ser fram til å bli kjent med deg, og intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.

Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Tverrfagleg klinisk arbeid i team
  • Rettleiing og internundervisning 
  • Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus
  • Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og godkjent spesialisering i psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • finn løysningar og er strukturert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordingar
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Kompetanseutvikling og vidareutdanning 
  • Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling 
  • Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø
  • Molegel å skaffa overgangsbustad
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Maren Elise Skogseth
Tittel: Leder Folgefonn DPS
Telefon: 95187657
E-post: maren.skogseth@helse-fonna.no
Navn: Rolf Christian Mehl
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 41470958
Navn: Erlend Hellingsrud
Tittel: Leder poliklinikk FDPS
Telefon: 47260535
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Folgefonn DPS
Sjukehusvegen 13
5451 Valen
Søk på stillingen