Kort om arbeidsgiver
Vaksdal kommune har ca. 4.000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.
ALIS-lege er ei utdanning- og fastlønsstilling på fastlegekontor med eit forløp på inntil 5 år der legen får gjennomført ei LIS3 spesialisering i almennmedisin.
- Kurativ legepraksis
- Offentlege oppgåver på sjukeheim, helsestasjon, flyktningsteneste eller tilsvarande
- Deltaking i interkommunal legevakt på Voss
Du må pårekne daglegevakt ein dag i veka og ved feriar/naudsynt behov. Arbeidstida på kvardagar er frå klokka 08:30-16:00. (Vaktdagar er du tilgjengeleg frå 08:00-16:00). Meirtid blir avspassert.
- Lege med godkjenning som almennlege eller lege under rettleiing med gjennomført LIS1 innan oppstart
- God klinisk vurderingsevne, engasjement og interesse for allmennmedisin.\
- Kjennskap til norsk helsevesen
- Naudsynt med førarkort klasse B
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg
Godkjendt politiattest må leggjast fram før tilsetjing, og referansar må leggjast ved søknad.
Vi legg vesentleg vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner.
Søknad må sendast via Jobbnorge:
ALIS-lege (301228) | Vaksdal kommune