Vi har frå 01.06.2026 ledig eit vikariat med varigheit på 1 år som lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.
Seksjonen har tilsett 9 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB) og 3 legar i spesialisering (LIS). RELIS Vest har tilsett ni farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.
Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemidlar.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande diagnostikk:
- tolke analyseresultat
- vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytiske og analytiske kvalitet
- bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø
- Fagleg medansvar for anna arbeid innan rasjonell farmakoterapi:
- gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel knytt til effekt og biverknader
- delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar for fastlegar
- delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon
- delta i arbeid med biverknader
- delta i arbeid i legemiddelkomiteen
- delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800-1600
Det er ein viktig del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det blir lagt til rette for det.
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-3 stilling i klinisk farmakologi
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring frå arbeid i laboratoriefag blir vektlagt
- Erfaring med og interesse for forsking og undervisning blir vektlagt
- Erfaring frå arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du må:
- ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
- vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
- ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- personleg egnethet blir lagd vekt på
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- God opplæring
- Varierte arbeidsoppgåver
- Tid til fagleg fordjuping og utvikling
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Ei god pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.