
Vil du jobbe som kardiolog / generell indremedisiner ved eit lokalsjukehus med breitt klinisk ansvar, akuttfunksjon og korte vegar mellom fagfolka?
Odda sjukehus er eit viktig sjukehus for innbyggjarane i Indre Hardanger. Her tek vi imot pasientar med både medisinske og kirurgiske problemstillingar, stabiliserer akutte tilstandar og sørgjer for rask og trygg behandling – anten pasienten skal behandlast hos oss eller vidare til eit større sjukehus.
Som overlege i kardiologi / generell indremedisin blir du ein sentral del av eit erfarent og stabilt fagmiljø. Du får jobbe tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper, og du får ei rolle med både klinisk breidd, fagleg ansvar og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.
Hos oss får du òg eit nært samarbeid med geriater med lang erfaring frå både sengepost og poliklinikk. Vi har poliklinikk, dagbehandling, dagkirurgi, radiologi, laboratorium, akuttmottak, operasjonsstover, anestesi, overvaking og sengepostar – alt samla i eit oversiktleg og tverrfagleg miljø.
👉 Vi håpar du vil søkje – og vi gler oss til å bli betre kjend med deg.
Tiltreding etter avtale.
Som overlege i kardiologi / generell indremedisin hos oss vil du mellom anna:
Du må ha:
Det er ein fordel om du:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Hos oss får du:
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.