
Vil du spesialisere deg i generell indremedisin? Vi har ledig 3 faste stillingar frå 01.09.26!
Ved Medisinsk avdeling på Stord sjukehus øker vi frå 9 til 10 LIS 2/3-stillingar. Med ei todeling av vaktdøgnet som gjer at du slepp å arbeide heile døgnvakter. Vi legg godt til rette for at du skal kunne gjennomføre alle anbefalte kurs for di spesialisering innan normert tid. Det er faste fordjupingsdagar integrert i den rullerande vaktplanen.
Som LIS 2/3 hos oss deltek du i vaktarbeid på akuttmottaket, i postarbeid og på poliklinikk. Du får høve til å ta mykje ansvar, samtidig som du får tett oppfølging av våre erfarne overlegar innan indremedisin, lungemedisin, gastroenterologi, nefrologi og kardiologi.
Hos oss får du oppfylt mange av læringsmåla innan indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi. Vi har eit samarbeid med Helse Bergen som gjer det mogleg å fullføre spesialiseringa di der. Om ønskjeleg kan vi også leggje til rette for at du fullfører spesialiseringa ved eit anna sjukehus.
👉 Søk i dag – aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande!
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Hos oss er det viktig at du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.