
Ønsker du å spesialisere deg innan barn og unge?
Då kan du bli vår nye LIS i Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Bergen. Vi har no ledig to faste, spennande LIS-stillingar og søker deg som ønsker å vere med på å gjere ein forskjell for barn og unge. Dersom dette høyrest ut som noko for deg, håpar vi at du vil søke stillinga. I tillegg søker vi etter lege med lisens som kan delta i vår vaktordning.
LIS-stillinga er ei fast heiltidsstilling med variert klinisk arbeid innan psykisk helsevern. Du vil arbeide tett saman med tverrfaglege team og få gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering i tråd med gjeldande utdanningsløp.
Lisensstillinga er knytt til arbeid i 12-delt vaktturnus, i hovudsak vaktteneste. Stillinga eignar seg godt for lege med lisens som ønsker klinisk erfaring innan psykisk helsevern. Stillingsprosent/omfang blir avtalt individuelt, basert på ønskje og behov.
Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge har sju allmenne poliklinikkar. Desse er geografisk fordelte og dekker alle kommunane i Helse Bergen sitt opptaksområde. I tillegg har vi tre sengepostar, spesialpoliklinikk og ambulante tenester.
Som LIS hos oss vil du starte i ei av poliklinikkane. Du vil arbeide i tverrfaglege team og samarbeide med ulike faggrupper, mellom anna psykologar/spesialistar, legar/spesialistar og miljøterapeutar (vernepleiarar, sjukepleiarar m.fl.).
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i barne- og ungdomspsykiatri. Det blir vist til eiga utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Vi legg stor vekt på at du skal få ei trygg og god LIS-utdanning hos oss. Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon, er du velkommen til å ta kontakt.
Den som får tilbod om tilsetting, må legge fram merknadsfri politiattest (vandel) i samsvar med lov om helsepersonell § 20 a.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.