
Er du ein av våre nye overlegar i klinikk psykisk helse barn og unge i Bergen? Vi søker to nye kollegaer som ønsker å jobbe saman med oss.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har 7 allmenne poliklinikkar. Dei enkelte poliklinikkane er
geografisk plassert og dekker alle kommunar i Helse Bergen sitt
opptaksområde. I tillegg har vi tre sengepostar, spesialpoliklinikk og ambulante tenester. Stillingane som er ledige er p.t på poliklinikk.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge si hovudoppgåve er å tilby barn og unge og familiane deira den beste behandlinga og oppfølginga. I tillegg legg vi vekt på samarbeid med aktørar internt i Helse Bergen, med våre kommunar og Bufetat, for å tilby gode, koordinerte tenester. Klinikken har utvikla gode rutinar for kunnskapsbasert praksis, fleire spesialiserte fagmiljø og innovative tilbod. Vi legg til rette for klinikknær forsking og innovasjon. Det er stor vitskapleg aktivitet i klinikken.
Vi ser etter deg som er engasjert, ansvarleg, løysingsorientert og bidrar til eit fagleg spennande og inkluderande arbeidsmiljø. Dersom du synes dette høyrest spennande ut ser vi fram til å høyre fra deg.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.