Kort om arbeidsgiver
Førde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 1400 listepasientar fordelt på 2 kommunalt tilsette fastlegar.
Me har ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste med tak på 600 pasientar. Pasientlista vert ivaretatt av vikar.
I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 40% stillings storleik. Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 2-3 vakter )
Kommunestyret i Sveio vedtok sommaren 2025 å slå saman legekontora i kommunen til eit felles legekontor i Sveio sentrum, og planlegginga av dette er i gang.
Arbeidsoppgåver:
- Fastlege for liste med tak på 600pasientar
- Tilsynslege 40 % Sveio omsorgssenter (2 dagar i veka)
- Tilplikta legevakt i interkommunal legevakt (Haugesund kommune vertskommune)
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin.
- Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel og serviceinnstilt
- Kvalitetsbevisst
- Nøyaktig og strukturert
- Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
- Stillinga er avløna med fastløn+ provisjonsavtale
- Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP.
- Kommunen er open forå drøfta andre drifts formar enn kommunal fast tilsetjing (privatnæringsverksemdeller 8.2 avtale) om ønskeleg.