Kort om arbeidsgiver
Ågotnes legekontor er eit moderne og godt utstyrt legekontor med fem fastlegar og dyktige helsesekretærar. Kontoret ligg sentralt på Ågotnes, om lag 30 minuttar med bil frå Bergen sentrum.
Vi legg stor vekt på godt kollegialt samarbeid, fagleg utvikling og eit trygt arbeidsmiljø. Kontoret nyttar Infodoc-journalsystem og har etablerte rutinar for drift, økonomi og kvalitetsarbeid.
Om fastlegeheimelen
- Storleik på heimelen: 1 150 listepasientar
- Organisering: Sjølvstendig næringsdrivande etter fastlegeforskrifta
- Tiltreding: 1. august 2026 eller etter avtale
Det kan leggjast til rette for:
- Gradvis oppbygging eller reduksjon av pasientlista
Arbeidsoppgåver
- Kurativ allmennlegeverksemd som fastlege
- Listeansvar for eigne pasientar
- Kollegial fråversdekning saman med dei andre legane på kontoret
- Deltaking i kommunal legevakt dersom ønskjeleg
- Per i dag er det ikkje plikt til legevakt
- Samhandling med andre kommunale helsetenester
Det er per i dag ikkje knytt andre kommunale legeoppgåver til denne fastlegeheimelen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin, eller påbyrja eller ønskje om ALIS-løp
- Gjennomført turnusteneste eller LIS1
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og pasientorientert
- Sjølvstendig og ansvarsmedviten
- Interesse for kontinuerleg fagleg utvikling
Personlege eigenskapar vil bli lagde særleg vekt på.
Vi tilbyr
- Ein etablert og veldriven fastlegepraksis
- Gode innteningsmoglegheiter
- Eit godt arbeidsmiljø med låg terskel for kollegial støtte
- Gode høve til fagleg utvikling og spesialisering
Søknad og kontakt
Søknad vert sendt elektronisk.
For nærare informasjon, ta kontakt med:
- Stig Guntveit, heimelsinnehavar
Telefon: 48 60 24 61