Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kvinneklinikken har ledig 1 års overlege-vikariat med gode moglegheiter for forlenging for rette vedkomande. 

Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.

Klinikken er delt inn i fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4500 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. Vi har behov for å styrke overlegebemanninga ved fleire seksjonar og kan tilby ein utfordrande arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling innan klinisk kompetanse og forsking. 

Les meir om oss: Kvinneklinikken

Som overlege ved Kvinneklinikken vil du ha eit sjølvstendig fagleg ansvar og vere rettleiar for LIS, ei viktig rolle ved gjennomføring av den nye utdanningsmodellen. Alle legar deltar i fagutvikling og undervisning. Jobben fordrar stor fagleg interesse og engasjement. Vi har alltid fokus på kompetanse, pasientryggleik og brukarmedverknad. Kvinneklinikkens kjerneoppgåve er å gi gode helsetenester til kvinner på Vestlandet. Vi held til i nye topp moderne lokale og arbeider med løysingar for framtida. Det er derfor viktig at du som overlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.

Ved Kvinneklinikken har vi fokus på godt arbeidsmiljø og vårt kollegium ønskjer nye legar velkomne!

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid
  • Vakt
  • Forbetringsarbeid
  • Undervisning og rettleiing
  • Medansvar for god samhandling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon 
  • Spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar
  • Medisinsk embetseksamen
  • Gode kunnskaper i norsk og engelsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta 
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å samhandle med pasientar, pårørande og på tvers av profesjonar  
  • Glede av godt teamarbeid 
  • Ønskje og vilje til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø 
  • Kunne prioritere under høgt arbeidspress 

Vi tilbyr

  • Nye og moderne lokale 
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Eit godt fellesskap av kollegaer 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Nils-Halvdan Morken
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 41869988
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kvinneklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen