
I Medisinsk avdeling, Haugesund sjukehus, har me no to faste stillingar i LIS3 Hjertesjukdommar (kardiologi) samt ei stilling LIS3
Endokrinologi, å tilby. Ved intern tilsetjing i stillingane, vil
LIS2-stillingar frigjerast. Oppstart 01.09.26, men seinare oppstart er også
fullt mulig.
Avdelinga er aktiv og har stort fokus på fag og utdanning. Læringskurva er bratt, og ein byggjer opp solid kompetanse innan det
indremedisinske fagfeltet.
Me har eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte fagfolk. Legar i spesialisering får god oppfølging og arbeider tett saman med
spesialistgruppa. Det er låg terskel for faglege diskusjonar og drøftingar.
Gjennom eit grundig fadder- og introduksjonsprogram, følgevakter og tett
oppfølging i den første vaktperioden, er målet at LIS-lege skal kjenna seg
trygg i møte med avdelinga og faget. Stillinga inneber deltaking vaktteneste, 16-delt vaktlag frå 1. september 2026.
Medisinsk avdeling omfattar Hjarte- og lungeavdelinga, Avdeling for eldremedisin, Medisin avdeling A (gastroenterologi og nefrologi), Medisin
avdeling B (hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin) og
Mottaksavdelinga. Akuttmottaket (Mottaksavdelinga) er ei aktiv og dynamisk avdeling der høg aktivitet skapar gode læringsmoglegheiter. Mottaksavdelinga
har no tre overlegar/akutt- og mottaksmedisinarar tilsett i akuttmottaket.
I Helse Fonna tilbyr me gode lønsvilkår for LIS2/3. Basislønna for LIS2/3 vart auka i 2024. Lågaste lønskategori ved oppstart for LIS2/3,
uavhengig av ansiennitet, er lønskategori B (tilsvarande 2–4 år gjennomført tid
i spesialisering). I tillegg er det innført eit kollektivt tillegg for LIS2/3 ved oppstart, der tillegget aukar med opparbeidd ansiennitet.
Send oss søknaden din i dag – me ser fram til å bli kjent med deg!
Hos oss er det viktig at du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.