
Vi søkjer Overlege ved Lokal Sikkerhetsavdeling (LS)
Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved vår Lokale sikkerheitsavdeling. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består i dag av seks seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Lokal sikkerhet rehabilitering ( LSR), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri, og Sikkerheitspoliklinikken.
Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar og stabilitet i behandlinga.
Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape eit nytt kapittel, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov.
I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av sengepostane og meir samanhengande pasientforløp. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan lokal sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen.
Vi har no ledig ei 100% fast stilling som overlege ved Lokal sikkerheitsavdeling. Sengeposten tar imot pasientar med alvorlege psykiske lidingar og høg risiko for vald, ofte i kombinasjon med personlegdomsforstyrringar og rusproblematikk. Overlegen vil vere sentral i vidareutviklinga og ombygginga av det lokale sikkerheitstilbodet i Helse Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for pasientar ved Lokal sikkerheitsavdeling
- Deltaking i inntaksteamet på Lokalt sikkerheitsnivå
- Klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, valdsrisikovurderingar og handtering
- Gje rettleiing til øvrig personell, kommune og andre samarbeidspartnarar
- Delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken, samt på tvers i divisjonen
- Det kan bli aktuelt å påta seg behandlingsansvar for pasientar i andre seksjonar i klinikken
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med spesialitet innan psykiatri
- Erfaring frå sikkerheitspsykiatri/rettspsykiatri og rehabilitering vil bli vektlagt
- Interesse for organisasjonsutvikling og erfaring med implementering
- Ønskeleg med interesse for sikkerheitspsykiatri
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til å gjennomføre heilskaplege sikkerheitspsykiatriske pasientforløp
- Inkluderande samarbeidsstil
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Trivst å arbeide i team og med ei krevande pasientgruppe
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter
- Moglegheit for deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar
- Godt fagmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.