
Vi har ledig 100 % fast overlegestilling for spesialist i anestesiologi i vår avdeling.
Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling er ein del av Kirurgisk klinikk ved Haugesund Sjukehus. Avdelinga består av einingar for Anestesi, Intensiv, Operasjon, Sterilforsyningsteknikk, Merkantil og Palliativt team i tillegg til Anestesileger.
Avdelinga har ansvar for all anestesiservice med ca. 8500 anestesisesjonar årleg. Kombinert postoperativ og intensivavdeling med ca 500 respiratordøgn per år. Anestesilegebemanna utrykningsbil.
Avdelinga har 15 overlegestillingar, inkl. leiar, og 8 LIS-stillingar.
To-sjikts vaktordning med forvakt i tilstadesvakt og bakvakt dels i tilstadesvakt/heimevakt. Nye spesialistar må pårekne tilstadesvakt.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.