Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Visuell og faglig spennande jobb?

Vi har behov for fleire LIS:

Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus søker etter lege i spesialisering.                                           

Om jobb & fag:
Dei fleste syns diagnostikk er spennande. Her er ein jobb der du kan findyrke dette, i møtet mellom høgteknologi og klassisk klinikk.
Haugesund sjukehus er perfekt for oppstart spesialisering: Stort nok til å gi full faglig breddekompetanse, og lite nok til tett kollegakontakt med fortløpande supervisjon.

Om by & land:
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!
God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.

Om avdelinga:
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen.
System for RIS/PACS er SECTRA. Radiologar med godt fagleg renomé, og entusiastisk fellesskap med godt samhold både på og etter jobb.

Radiologisk avdeling har gjennomgående ansvar og samdrift av legeressurser for all radiologisk virksomhet ved sjukehusa i Helse Fonna: Haugesund, Stord og Odda.

Radiologisk avdeling satser på effektivitet og høg kvalitet i tenesta.

  • Seksjonen har 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi
  • Gode lønnsvilkår.
  • For tiden med rekrutteringstillegg og startlønn som ved 2 års erfaring
     

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver ihht. radiologi
  • Legar utan erfaring gjennomgår ein introduksjonsperiode på ca 9 veker
  • Lege inngår i vaktordning etter endt innføringsperiode

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med full rekvisisjonsrett
  • Godkjent LIS-1-tjeneste
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Erfaring frå radiologisk arbeid vil bli vektlagt, men er ikkje ein føresetnad

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Initiativrik
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Interesse for radiologifaget
  • Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagde

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg og startlønn som ved 2 års erfaring
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplan
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Elin Hetland
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: +47 52732273
E-post: elin.hetland@helse-fonna.no
Navn: Erik G Mühlbradt
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 48215345
E-post: erik.guerricagoitia.muhlbradt@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen