Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen HF – Divisjon psykisk helsevern søkjer ein strategisk og samlande klinikkleiar til Klinikk sikkerheitspsykiatri. Klinikkleiaren rapporterer til divisjonsdirektør for Divisjon Psykisk helsevern, og inngår i divisjonen si leiargruppe.

Divisjon psykisk helsevern er i utvikling, med pågåande endringsprosessar knytt til utviklingsprogrammet Psykisk helsevern for framtida. Eit av delprosjekta er knytt til Sandviken området og har som mål å utvikle dei samla tenestene til å kunne møte framtidas behov til rehabiliterings- og sikkerheitspasientar som treng lenger tids behandling. Her vil Klinikk sikkerheitspsykiatri ha ei sentral rolle. Dette gir spennande moglegheiter og krev ein leiar som kan skape tydeleg retning, sikre god forankring og balansere utvikling, drift, fag og HMS på ein trygg, involverande og strukturert måte.

Om Klinikk sikkerheitspsykiatri
Klinikken har eit særskild samfunnsoppdrag: å gje spesialisert behandling til personar med alvorleg sinnsliding og betydeleg risiko for vald mot andre, ofte kombinert med kompliserande tilstandar som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmiddelproblematikk. Klinikken har eit høgt spesialisert fagmiljø med brei klinisk og juridisk kompetanse og står sentralt i samfunnsvernet gjennom fagleg forsvarleg behandling, risikovurdering, og tett samhandling med politi, kriminalomsorg, kommunar, påtalemyndigheit og andre delar av spesialisthelsetenesta.

Klinikken omfattar følgjande einingar:
· Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri
· Lokal sikkerheit rehabiliteringsavdeling
· Lokal sikkerheitsavdeling
· Regional sikkerheitsavdeling
· Seksjon for fengselshelseteneste
· Sikkerheitspoliklinikken

Arbeidsoppgåver

Som klinikkleiar vil du ha heilskapleg ansvar for:

  • Strategisk leiing og vidareutvikling av klinikken i tråd med nasjonale føringar, regional plan og divisjonen si retning
  • Å sikre fagleg kvalitet, gode pasientforløp og forsvarlege tenester innan eit høgrisikofelt
  • Personalansvar, rekruttering og kompetansebygging i alle einingar
  • God intern og ekstern samhandling, særleg med politi, kriminalomsorg, kommunar og andre klinikkar
  • Å etablere og halde ved lag god informasjonsflyt, forutsigbare prosessar og tydelege prioriteringar
  • Endringsleiing, inkludert å strukturere, forankre og følgje opp nødvendige utviklingsprosessar
  • Økonomi- og resultatstyring

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein leiar med tydeleg fagleg integritet og strategisk forståing. Du bør ha:

Krav:

  • Høgare relevant utdanning på masternivå eller embetsstudium
  • Leiingserfaring frå større einingar, helst innan spesialisthelsetenesta
  • God innsikt i lovverk, beredskap og risikohandtering
  • Dokumenterte resultat frå endringsarbeid og strategisk utvikling
  • God rolleforståing og erfaring med samarbeid i komplekse organisasjonar

Ønskjeleg:

  • Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, akuttpsykiatri eller anna relevant høgrisikoverksemd
  • Kjennskap til samhandling mellom helse, kriminalomsorg, politi og rettsvesen
  • Erfaring frå arbeid med faglege kvalitets- og styringssystem

Personlege eigenskapar

For å lukkast i rolla må du vere:

  • Tydeleg og trygg, med god dømmekraft og evne til å skape retning
  • Relasjonssterk og lyttande, med evne til involvering og open kommunikasjon
  • Robust og etterretteleg, med evne til å stå i krevande saker på ein profesjonell måte
  • Strategisk orientert, men samtidig tett nok på drift til å forstå kvardagen i einingane
  • Endringskapabel, utan å gjennomføre raske og dårleg forankra prosessar
  • God på å skape samhald, samarbeid og felles kultur på tvers av fagmiljø og nivå

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarstilling i eit høgt spesialisert fagfelt med stort samfunnsoppdrag
  • Eit engasjert og kompetent fagmiljø
  • Moglegheit til å påverke i arbeidet med å forme framtidas tenester innan psykiske helsevern i opptaksområdet
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av sikkerheitspsykiatrien regionalt og nasjonalt
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Løn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Randi-Luise Møgster
Tittel: Direktør Divisjon psykisk helsevern
Telefon: 91342978
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen