Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

100 % avtaleheimel for godkjende spesialist i augesjukdomar er ledig frå 01.06.2026, eller etter avtale. 

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
- eigenskapar for heimelen
- innretning av praksis
- samarbeid med andre

Avtalepraksisen skal primært bli nytta til ordinære oftalmologiske problemstillingar, men avtalespesialisten kan også utføre operativ (grå stær) augelegeteneste.  

Noverande avtalepraksis er lokalisert i Sogndal (ordinær oftalmomedisinsk behandling) og på Sandane (grå stær operasjonar).

Det er ønskeleg at den framtidige avtalepraksisen blir etablert i lokala til sjukehuset i Lærdal, og at det blir inngått avtale om drift av praksisen med Helse Førde HF. 

Arbeidsoppgåver
Praksisen skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. 

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ta imot tilvisingar, medrekna øyeblikkelig hjelp, frå primærhelsetesta.  
Avtalespesialisten skal også ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Førde HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Førde HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Førde HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg. 

Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell. 

Spørsmål om praksisen kan rettast til øyelege Oddbjørn Bjordal, tlf. 938 20 793. 
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 415 33 822. 

Vilkår og rammer
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 175 000 (klasse 1) til kr. 1 750 000 (klasse 3). 

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar før det vert gitt tilbod om avtaleheimel. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avtalespesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktperson
Navn: Torleiv Bergland
Tittel: Rådgiver
Telefon: 415 33 822
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8
4005 Stavanger
Søk på stillingen