Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Avdeling psykosomatisk medisin er lokalisert i Glasblokkene, og er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 3 seksjonar: Seksjon konsultasjonspsykiatri, Seksjon for alderspsykiatri, og Seksjon for nevrostimulerande behandling.  

Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenestar til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus. Vi jobbar med avgrensa pasientforløp når pasienten er inneliggande på somatiske einingar, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar.

Seksjonen har eit godt tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har no ledig fast stilling for godkjend spesialist i psykiatri. 

Vi tilbyr ein spennande jobb med anledning til å vere med på å utvikle psykosomatisk medisin og konsultasjon-liasonteneste. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt fagleg samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset. 

Arbeidsoppgåver

  • Psykiatriske vurderingar og oppfølging av pasienter innlagde ved somatiske avdelingar 
  • Psykosomatisk poliklinikk
  • Rettleiing og formidling av kunnskap til samarbeidande einingar
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken
  • Delta i klinikkens bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Har gode  samarbeidsevner, trives i tverrfaglige miljøer og kommuniserer tydelig
  • Bidragsyter for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide selvstendig og strukturert
  • Er fagleg engasjert og ønsker å bidra til videreutvikling av tenesten
  • Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø med høg kompetanse, engasjement og gode kollegaer
  • Varierte og interessante arbeidsoppgaver i eit viktig grensefelt mellom psykiatri og somatikk
  • Felles undervisning, spesialistforum og kasuistikker
  • Gode moglegheiter til å delta i forskning eller kvalitetsforbetringsarbeid
  • Lønn etter avtale


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Ann Christin Øren Rivenes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974562
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/ Konsultasjonspsykiatri, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen