
Har du lyst til å jobbe på ein av Norges nyaste og triveligaste indremedisinske seksjoner?
Vi ynskjer å vere ein av Norges beste indremedisinske seksjonar, med spesielt fokus på kvalitet, utdanning og arbeidsmiljø.
Medisinske legar består av ca. 60 legar, samt 19 LIS1 og vi har spesialistar i samtlege indremedisinske fag. Vi er godkjent for utdanning i indremedisin, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin. Sengepostane er fagseksjonerte, og vi har også ein eigen indremedisinsk seksjon kor inneliggande pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar vert plassert.
Legar i spesialisering vert prioritert for opplæring og utdanning. Etter endt introduksjonsperiode vert du fulgt opp av rettleiar, med tid til rettleiing avsett i plan x 2/mnd, og med halvårlege vurderingskollegium. Du får god opplæring i vaktarbeid, medisinsk mottaksteam og i ultralyd for indremedisinarar. Du får og ein kollegafadder som kan støtte deg litt ekstra i starten. Vi har halvårlege treningsveker for prosedyrar, og eit sertifiseringsprogram i ultralyd for indremedisinarar (omtalt i Dagens Medisin). Samtlege LIS hos oss vil få moglegheit til å bli sertifisert i dette. LIS får delta på kurs og konferanser. Hos oss er alle på laget like viktige, og du skal få gode moglegheiter for fagleg utvikling til det beste for pasientane våre.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, og no har vi heilt nye lokaler. Vi har kaffe i koppen, fredagsbingo, god stemning og åpen-dør-kultur.
Vi har to vaktsjikt for LIS-legar, LIS3-juniorsjikt (13-delt fra sommeren 2026) og LIS3-seniorsjikt (10-delt). Kvalifikasjon for LIS3-seniorsjiktet avgjerast i ei totalvurdering i vurderingskollegium etter 2 års ansiennitet, samt erfaring fra intensiv/overvåkning og kompetanse på ultralyd for indremedisinarar. Overlege er til stade på huset til kl.21, og vi har anestesilegar, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog til stade på huset heile døgnet. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikkje må bere på meir ansvar enn du bør, og du er heller aldri åleine.
Vi treng no å få tre nye legar i spesialisering med på laget, ein med oppstart snarast mogleg, og to med oppstart over sommaren. Om du er interessert i endokrinologi, nyremedisin eller fordøyingssjukdomar, så er vi interessert i deg!
Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omringa av nokre av Norges flottaste fjell? Sleng inn ein søknad då!
Ved eventuelle interne tilsettingar kan dette frigjere andre stillingar til aktuelle søkare.
Vi vektlegg personleg eignaheit og total teamkompetanse.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.