
100% fast stiling som overlege i radiologi ved Førde sentralsjukehus.
Er du spesialist i radiologi og har spesialkompetanse innan mammaradiologi? Då kan denne overlegestillinga vere noko for deg!
Ved Radiologisk seksjon i Førde ser vi no etter ein fagleg engasjert overlege som ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø.
Treff nokre av våre tilsette i denne flotte videosnutten!
⭐ Kvifor velje Førde?
Hos oss får du
Stillinga er primært knytt til Brystdiagnostisk senter, men kan kombinerast med arbeid som generell radiolog. Vi er fleksible når det gjeld oppstartstidspunkt.
⭐Dette tilbyr vi:
Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss!
Kven passar stillinga for?
Vi ser etter deg som:
Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat,
2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no
Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.