
Vi har ledig vikariat i 100% stilling som overlege i pediatri og som skal ha særleg ansvar for pediatrisk endokrinologi og metabolisme. Vikariatet varer i 12 mnd frå og med 17.08.26 med moglegheit for forlenging. Legestillinga skal vere tett knytta til diabetesteamet. Vi treng ein engasjert lege som saman med seksjonsoverlegen skal bidra til at den nye Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og behandling av internasjonal standard. Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig ved seksjonens poliklinikk og sengepost. Erfarne LIS kan også søke.
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
BUK har ansvar for alle endokrinologiske og metabolske sjukdommar i barne og ungdomsalderen. På seksjonen arbeider i dag 8 overlegar i ulike stillingsstorleikar derav 3 med professorkompetanse. I samarbeid med UiB driv vi mellom anna forsking på overvekt, vekst, arveleg diabetes og medfødd hyperinsulisme. BUK har eit delt nasjonalt ansvar for utgreiing og behandling av barn med uavklart kjønnsidentitet. Vi driv ein poliklinikk for overvekt i tverrfagleg utviklingsarbeid. Vi har ansvar for over 350 barn og ungdomar med diabetes til 18 års alder. Vi har ei ny nasjonal teneste for hyperinsulinisme. BUK driv saman med UiB eit Mohn Forskingssenter for diabetes presisjonsmedisin som mottar tilvisingar for pasientar med arveleg diabetes frå heile Noreg og driv med klinisk og eksperimentell forsking.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2025 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.
Les meir om oss: Barne- og ungdomsklinikken
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.