Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 1 år med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling. Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og åpner mandag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt. 

Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Beslutningsdyktig
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Vi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift.
  • LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag. 
  • Vi har 6-døgnsdrift, dvs. sjukehuset stenger laurdag kl 16:00
  • I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Kari Indrekvam
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 56565800
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kysthospitelet i Hagevik (KiH), Helse Bergen HF
Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik
Søk på stillingen