Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst til å bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på høg faglegheit?

Øye-seksjonen ved Klinikk SNR har ledig to faste stillingar for Lege i spesialisering øye med tilsetting frå snarest. 
Vi har for tida 4 overlegar ved seksjonen og 4 LIS. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom legar, sjukepleiarar og merkantilt personell ved seksjonen. Den største aktiviteten er ved poliklinikken med polikliniske konsultasjonar. Vi har flytta inn i splitter nye lokaler ved det nye akuttsjukehuset på Hjelset. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i vaktordning i seksjonen
  • Ein vesentleg del av arbeidstida er poliklinisk arbeid, men også kirurgi i form av bl.a. okuloplastikk   

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Meistre nordisk språk, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Gode evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig
  • Trivst i eit hektisk miljø 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Marina Elnes
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Marina.Elnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Øye SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4
6450 Hjelset