
Ortopedisk seksjon ved Ålesund sjukehus har ledig 6-månedars vikariat for Lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi.
Seksjon for ortopediske legar ved Ålesund sjukehus, ein del av Helse Møre og Romsdal, tilbyr eit aktivt og variert fagmiljø med arbeidsoppgåver innan vakt, poliklinikk og operativ verksemd. Seksjonen har fokus på tverrfagleg samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø, og legg godt til rette for rettleiing og utvikling for legar i spesialisering (LIS3).
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!