Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Listetak: 1000 pasientar.

Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert drifta som deleliste. Legekontoret er i prosess med å utvide med to heimlar, og skal flytte til nye lokaler. Lokala ligg sentralt plassert i Voss sentrum. Etter planen skal lokala være ferdig til opning  ila hausten -26.

Me kan tilby eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, kvalitet, autonomi, og gode pasientforløp. Legekontoret nyttar infodoc i sky som journalsystem. Til heimlar inngår deltaking i interkommunal legevakt.
Me vil kunne tilby rettleiing av legar i spesialisering.
Me har styrka basistilskot  for næringsdrivande fastlegar
Ein har i tillegg fri etter nattevakt med allmennlegeforeininga sine kompensasjonssatsar
Voss søkjer å unngå å til plikte fastlegane til kommunalt arbeid, dette har ikkje vore gjort dei siste åra. 
Heimel vil kunne overtakast uten vederlag. Ein er sjølv ansvarleg for møblering / utstyr til eige kontor. Felles utgifter til drift av kontor (støttepersonell, journalsystem, leige mm.) vert dekka i fellesskap etter nærmare avtale.


Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS1 tjeneste i Norge
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon
  • Du må gjerne vera spesialist i allmennmedisin, men det er ikkje eit krav.

Me ynskjer deg som:
  • Likar ein hektisk arbeidskvardag
  • Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling
  • Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team
  • Har gode evner til samhandling og kommunikasjon
  • Er ansvarleg og løysingsorientert
  • Er fleksibel og utviklingsorientert
 
Arbeidsoppgåver:
  • Kurativ legeteneste
  • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
  • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
  • Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt.
 
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.

I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: +47 95261271
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 94136967
Navn: Jacob Ortega Sæthre
Tittel: Leiar ved Sæthre legekontor
Telefon: +47 99476152
Arbeidssted
Gurid Almenningens Plass 1
5704 VOSS
Søk på stillingen