Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus søkjer overlege i indremedisin med spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi.

Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde.

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har fire overlegestillingar og seks LIS1 i normal drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjord-regionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. 

Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, inkludert3 observasjonssenger. Vi driftar også dagbehandling for dialyse og fleire ulike poliklinikkar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i vaktordning som medisinsk bakvakt på medisinsk sengepost
  • Ansvar for oppgåver knytt til sengepostarbeid og poliklinisk verksemd for aktuelt fagfelt
  • Rettleiingsansvar for legar i spesialisering ( LIS1)

Kvalifikasjonar

  • Må ha godkjent norsk autorisasjon som lege med spesialisering i indremedisin og spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi. Anna spesialisering kan også være aktuelt. Må då ha erfaring frå vaktarbeid i indremedisinsk sengepost. 
  • Ha erfaring frå sengepost-, vakt- og poliklinisk arbeid
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til IT-systema DIPS og MEONA
  • Må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Du må vere fagleg engasjert
  • Du må ha gode evner til kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du må være påliteleg og ansvarleg, både med tanke på å følgje opp pasientar og administrative oppgåver
  • Du må vere framtidsretta og løysingsorientert i forhold til tenesteutvikling
  • Du må ha engasjement for samhandling både internt og eksternt for å utvikle tenestene med pasienten i fokus
  • Du må vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
  • Du må gjere ditt beste for å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
  • Høve til å drive utvikling av "Pasientens helseteneste"
  • Nordfjordeid er ein flott plass å bu!
  • Fleire barnehagar i området, skular og høg tilgang på fritidsaktivitetar mellom anna innan friluftsliv, trening og kultur 
  • Fine sjukehusbustadar. Vi hjelper til med å skaffe bustad,-oppgje i søknaden dersom det er ynskjeleg
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og individuell avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Manseth Bjørhovde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 932 90 198
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk seksjon Nordfjord, Helse Førde
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid