Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du ein trygg og engasjert psykiater som ønsker å leie fagleg utvikling i eit av Noregs mest spesialiserte psykiatriske miljø? 

Vi søker ein avdelingsoverlege som kombinerer solid klinisk kompetanse med evna til å vere ein kulturberar i eit krevande og meiningsfullt fagfelt. 

Om klinikken og avdelinga 
Klinikk Sikkerheitspsykiatri ved Haukeland universitetssjukehus er eit nasjonalt leiande fagmiljø innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Klinikken omfattar:  

Lokalt sikkerheitsnivå (10 sengeplassar)  
Lokal sikkerheit - rehabilitering (8 sengeplassar)  
Sikkerheitspoliklinikken

Klinikken tar imot personar med alvorlege sinnslidingar med høg risiko for alvorleg valdeleg åtferd, ofte med tilleggsutfordringar som alvolrleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. 

Fagleg profil: 
Vi ser etter deg som har djup klinisk forankring og er genuint opptatt av å forstå og behandle dei mest komplekse pasientforløpa. Du er komfortabel med å gjere vanskelege faglege vurderingar og stå i dei – òg når presset er høgt. 

Dette er ei stilling for deg som trivst med fagleg kompleksitet, verdset tverrfagleg samarbeid og ønsker å gjere ein reell forskjell for ei av dei mest sårbare pasientgruppene i spesialisthelsetenesta.      

Arbeidsoppgåver

  • Ha det overordna faglege ansvaret for all behandling ved Lokal sikkerheitsnivå, inkludert inntak, pasientflyt og individuelle behandlingsforløp. Samt personalansvaret for behandlarane i sengesposten 
  • Leie og vidareutvikle arbeidet med valdsrisikovurderingar og rehabilitering som faglege kjerneområde 
  • Vere ein pådrivar for høg fagleg standard og systematisk fagutvikling i samarbeid med leiargruppa 
  • Gi rettleiing til legar og anna personell, og bidra aktivt i det tverrfaglege arbeidet 
  • Samarbeide tett med dei øvrige seksjonane i klinikken, andre klinikkar i Divisjon psykisk helsevern, primærhelsetenesta og kommunale tenester 
  • Inngå i leiarteamet og rapportere til klinikkleiar samt tidvis å vere klinikkleiar sin stedfortreder 

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med spesialitet i psykiatri 
  • Erfaring frå psykiatriteneste i Noreg og ha god kjennskap til lovverket 
  • Erfaring frå sikkerheitspsykiatri og/eller akutt psykiatri er ein klar fordel 
  • Interesse for og gjerne erfaring med rettspsykiatri, valdsrisikovurderingar og rehabilitering 
  • Norsk autorisasjon 

Personlege eigenskapar

  • Trygg og tydeleg – du er stødig i rolla di, både overfor pasientar, pårørande og kollegaer, og kan stå i krevande situasjonar utan å miste overblikket 
  • Kulturberar – du forstår at godt fagmiljø ikkje berre skjer av seg sjølv. Du investerer i relasjonar, set standard gjennom eiga åtferd og løftar dei rundt deg 
  • God gjennomføringsevne og evne til å sjå heilskaplege løysingar 
  • Inkluderande samarbeidsstil – du trivst i team og verdset ulike fagperspektiv 

Vi tilbyr

  • Ein fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling i eit nasjonalt kompetansemiljø 
  • Tett samarbeid med høgt kvalifiserte kollegaer på tvers av sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri 
  • Gode moglegheiter for deltaking på kurs og konferansar, nasjonalt og internasjonalt 
  • Eit arbeidsplassmiljø der fagleg utvikling og personleg vekst vektlegges 
  • 100% fast stilling ved Haukeland universitetssjukehus 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Frøydis Haugan
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 90825279
E-post: froydis.haugan@helse-bergen.no
Navn: Maria Sigurjonsdottir
Tittel: Overlege
Telefon: 55958539
E-post: maria.sigurjonsdottir@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen