
Vi har no ledig fast utdanningsstilling innan psykiatri i Molde frå 13.04.26. Oppstart ved seksjon for Psykosebehandling SNR. Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri. Våre LIS gir tilbakemeldingar om eit triveleg og godt arbeidsmiljø med høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere omlag 18-delt tilstedevakt. Stillingen vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.
Psykosebehandling SNR har 11 sengar og er lokalisert i det nye bygget til sjukehuspsykiatrien ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset i Molde. Oppstartdato er fleksibel, og kan avtalast fram i tid om ønskjeleg.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Nordmøre og Romsdal her