Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi søker ein engasjert og dyktig lege til fastlegeliste med listetak på inntil 800 personar ved Myrvåg Legesenter.
Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over tid. I tillegg til LIS1, er her fire fastlegar, der alle legane er spesialistar i allmennmedisin. Trivsel og fagleg utvikling blir fremja gjennom jamlege legemøter kvar veke. Kommuna driftar legesenteret, og som næringsdrivande får du ein svært gunstig leigeavtale.

Vi søkjer primært etter ein lege som vil arbeide på næringsdrift, men andre driftsformer kan diskuterast.

I tillegg til Myrvåg legesenter, har vi Herøy legesenter og ein solopraksis ved Fosnavåg helsehus. Herøy legesenter har seks fastlegeheimlar og ei stilling for LIS1. Vi har eigne sjukeheimslegar.
Vi deltek i interkommunal legevakt ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Denne er bemanna med erfarne sjukepleiarar og ambulansearbeidarar. Det er omlag 35 legar som deler på vaktene. På dagtid helg og kveld, er det alltid to legar på vakt. På natt er det ordning med bakvakt for dei som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse. Legevakta har legebil bemanna med ambulansearbeidar som er med på alle oppdrag. Dette sikrar at vi unngår at legar jobbar åleine.  

Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt. Det ligg 30 kilometer frå Myrvåg legesenter og 9 kilometer frå legevakta i Hovdebygda.

Arbeidsoppgåver
  • Vanlege fastlegeoppgåver (med tenestene som følger av Forskrift om fastlegeordningen i kommunene).
  • Deltakar i interkommunal legevakt etter gjeldande avtalar.
  • Kommunale oppgåver kan verte aktuelle.

Kvalifikasjonar
  • Du må oppfylle vilkåra i Forskrift om kompetansekrav for legar. 
  • Det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men det er ikkje eit krav.
  • Du må ønske å bidra i eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen.
  • Du må legge fram godkjent politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn tre månader) før oppstart.       
  • Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.
  • Har god evne til å bruke norsk både skriftleg og munnleg framstilling.  

Personlege eigenskapar
  • Trivst i rolla som fastlege, og likar pasient oppfølging.
  • Du møter innbyggjarane som einskildindivid, slik du sjølv ynskjer å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp.
  • Du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe saman med andre, men kan også jobbe sjølvstendig.
  • Du vil vere med å utvikle legetenesta i kommunen, og stiller gjerne opp og er til støtte for kollegaer.
  • Du ser verdien i å samarbeide med andre tenester, for å finne gode løysingar til det beste for pasientane.
  • Har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr
  • Hjelpepersonell med lang erfaring. 
  • Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvart 14. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt, helge- og nattevakter.
  • ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning.   
  • 8:2-avtalar for næringsdrivande (jamfør SFS 2305) der kommunen dekker ein del av kostnadane.   
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju.
Søkjarlista kan verte offentleggjort.  

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. 

Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen (kommunalt tilsett) kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Herøy kommune
Kontaktperson
Navn: Jan Magne Remøy
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: +47 477 68 084
E-post: jan.magne.remoy@heroy.kommune.no
Arbeidssted
Myrvåg legesenter
Dragsundvegen 11
6080 GURSKØY
Søk på stillingen