
I denne stillinga får du høve til å samle brei erfaring og utvikle deg som kirurg i eit svært positivt arbeidsmiljø. Det inneber ei unik moglegheit til å jobbe tett saman i eit kollegium som handterer eit breidt spekter av kirurgiske tilstandar, og du vil kunne opparbeide deg eit godt grunnlag for vidare spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i vakarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjon
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
- Godkjend LIS1
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha interesse for det kirurgiske fagfeltet
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert, engasjert og arbeidsom
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt miljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.