
Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spennande akuttseksjon saman med andre spesialistar? Vi skal styrke overlegedekninga ved vår allmennpsykiatriske døgnseksjon og vi håper du vil nytte denne sjansen til å søke på stillinga.
Allmennpsykiatrisk døgnseksjon ved Kronstad DPS har ei sentral rolle innan akuttbehandlinga i divisjon Psykisk helsevern i Helse Bergen. Seksjonen har 20 døgnplassar og gir tilbod om korte målretta opphald, både akutt og elektivt. Seksjonen tar imot pasientar frå kommunehelsetenesta, eige DPS og frå Psykiatrisk klinikk.
Miljøpersonalgruppa består av erfarne og engasjerte sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionom som arbeidar i team rundt den einskilde pasient. Seksjonen er for tida bemanna med tre overlegar, to psykologar, LIS og turnuskandidat. Vi ønsker å utvide til fire overlegar.
Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling på døgnpost og/eller poliklinisk. Den polikliniske verksemda går føre seg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akuttteamet vårt (seksjon for akutte tenester). Overlegane ansatt ved Allmenn døgnavdeling bistår Sekjon for akutte tenester (SAT).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.