Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Psykiatrisk klinikk er i ei spennande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland 2028/2029.

Avdeling spesialisert psykosebehandling er i dag lokalisert i på Sandvikenområdet, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 5 døgnseksjonar; Akutt psykose S3, S4 og S5, Kompleks rehabilitering (KRS) og Tidleg psykose (TP). I tillegg har avdelinga ansvar for polikliniske tenester, derunder eit ambulerande UUP-team (utviklingsforstyrringar/utviklingshemming og psykoselidingar), TOPS (Tidlig oppdagelse av psykose) og treningspoliklinikk.

Avdeling spesialisert psykosebehandling har no ledig ein fast overlegestilling.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar 
  • Handtere tvang jf Lov om psykisk helsevern 
  • Medverke til eit godt fagleg fellesskap på tverks av yrkesgrupper  
  • Pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling 
  • Rettleiing av legar i spesialisering og medisinstudentar 
  • Utstrakt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt 
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt 
  • Samarbeid med pårørande 
  • Delta i klinikken si bakvaktsordning 

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskjeleg 
  • Erfaring med behandling av personar med alvorleg psykoselidingar og døgnbehandling er ein fordel 
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid internt og eksternt er ein fordel 
  • Interesse/engasjement for forbetringsarbeid og utvikling 
  • Må beherske norsk muntleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

Du

  • er prosess- og løysingsorientert 
  • skapar gode relasjonar og samhald  
  • er inkluderande og involverande 
  • arbeider strukturert og målretta 
  • tåler å stå i krevjande situasjonar  
  • tar avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet 
  • er fagleg engasjert og har ei genuin interesse for pasientgruppa 

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar 
  • Spennande arbeidsoppgåver  
  • Eit engasjerene fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesialistforum og kasuistikkar 
  • Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid 
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Igne Sinkeviciute
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958580
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen