
Vil du vere med å forme framtidas barne- og ungdomshelsetenester?
Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) ved Førde sentralsjukehus har ledig svangerskapsvikariat for overlege/spesialist i perioden 01.06.2026 - 31.05.2027.
Stillinga er ei kombinert spesialiststilling, med 50 % arbeid i barnehabiliteringstenesta (HABU) og 50 % klinisk arbeid/vaktordning i generell pediatri ved BUA.
Vi søker ein erfaren og engasjert spesialist med kompetanse og erfaring innan habilitering til barn og unge, nyfødtmedisin og generell pediatri (0 - 18 år).
Individuelt tillegg : kr 45.000,-
Om Barne- og ungdomsavdelinga (BUA)
BUA er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature f.o.m gestasjonsalder 32, samt yngre barn etter stabilisering ved regionsjukehus. Elles behandlar avdelinga alle barn og unge frå 0-16 år (kronikarar til 18 år). Avdelinga arbeider for å heve aldersgrensa til 18 år for alle unge, i tråd med nasjonal ungdomshelsestrategi.
BUA omfattar sengepost og poliklinikk, i tillegg til legeteneste ved habiliteringstenesta (HABU) og i Statens barnehus.
Om stillinga
Vi søkjer deg som er genuint opptatt av faget, og som på sikt vil styrke vårt team av dyktige overlegar.
Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest
(vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og
utviklingshemma).
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.