Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med å forme framtidas barne- og ungdomshelsetenester? 

Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) i Førde har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar som brenn for å gi barn, unge og familiane deira den beste helsehjelpa. No søkjer vi LIS 2/3 til følgjande svangerskapsvikariat: 

  • 100% vikariat : 06.03.2026 - 02.05.2027
  • 100% vikariat:  01.06.2026 - 20.08.2027 (oppstart i september 2026 kan vurderast) 
  • Individuelt tillegg : kr 30.000,-

Om Barne- og ungdomsavdelinga
BUA er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature f.o.m gestasjonsalder 32, yngre etter dei er behandla og stabilisert ved regionsjukehus. Elles har avdelinga alle barn og unge frå 0-16 år - kronikarar til 18 år. BUA jobbar for å heve aldersgrensa for alle unge til 18 år i tråd med nasjonal Ungdomshelsestrategi.

BUA har, i tillegg til sengepost, poliklinikk, habiliteringstilbod og ambulerande poliklinisk teneste til Lærdal og Eid. 

Om spesialiseringsløpet
Arbeidsgjevar har ansvar for spesialiseringsløpet. Delar av LIS 2/3-tenesta føregår på regionsjukehus, som regel anten
ved HUS eller SUS.

Tilsetjing krev tilfredsstillande politiattest i tråd med helsepersonellova §20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)

Vi søkjer deg som er genuint opptatt av faget, og som på sikt vil styrke vårt team av dyktige overlegar.          

Arbeidsoppgåver

  • Visittarbeid ved sengepost, vakt og poliklinikk utgreiing og behandling av barn i alder 0 til 16 år (18)
  • Legar i spesialisering arbeider breitt og i stor grad sjølvstendig, under tilsyn og rettleiing av overlege
  • LIS deltek aktivt i høve undervisning i avdelinga, samt i prosjekt- og utviklingsarbeid som BUA er ein del av.   

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge i Barne- og ungdomsavdeling vil bli føretrekt    

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt
  • Strukturert 
  • God kommunikasjonsevne med barn og pårørande
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Individuelt tillegg kr 30.000,-
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
  • Langtidsplanlegging av arbeidstid, fråvær (som t.d ferie) og oppgåver  
  • Grundig opplæring ved oppstart.
  • Tett, trygt og godt samarbeid med spesialist i barnesjukdommar, erfarne pleiarar og leiing
  • Spennande og breidt fagområde der ein får prøve seg i praksis i mange forskjellige prosedyrer og situasjonar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Solveig Horstad Berget
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 116
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Barn og unge avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Søk på stillingen