
Vi har no ledig ei fast 100% stilling som overlege i Psykiatrisk klinikk ved Avdeling stemningslidingar. Avdelinga har utvikla seg mykje dei siste åra, og vi har i dag eit sterkt, engasjert og svært triveleg fagmiljø. Stillinga er ledig fordi ein av våre overlegar no gjennomfører ein PhD i 50 %, og det skal etter kvart avviklast overlegepermisjonar.
Som overlege hos oss vil du arbeide saman med høgkompetente kollegaer som ønsker å stå saman, verdsette kvarandre og skape eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe tett i team med andre overlegar, psykologspesialistar og LIS-legar. Du vil òg få tett oppfølging og fagleg støtte, og samarbeide nært med avdelingsoverlegen, som har det overordna medisinskfaglege ansvaret for dei to døgnseksjonane våre.
Avdeling stemningslidingar har to akutte døgnseksjonar og tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Seksjonane våre gir òg behandling av bipolar mani ved hjelp av blåblokkerande briller (kronoterapi).
Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø, står sentralt i arbeidet vårt. Klinikken er i ei spanande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland i 2029.
Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk og er i dag lokalisert på Sandvikenområdet. Dei øvrige avdelingane er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS) og Avdeling psykosomatisk medisin.
Stillinga er ledig etter nærare avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.