
Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat ved DPS Kristiansund poliklinikk.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning med dei ulike seksjonane i Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke.
Det er ei felles primærvaktordning for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset, men LIS3 i Kristiansund kan velge å ikke delta i vaktordninga under tenesta i Kristiansund. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillinga vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.
Oppstart snarast eller etter avtale med leiar.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her