Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Hudavdelinga i Helse Førde har ledig fast stilling for spesialist i hud- og veneriske sjukdommar frå 01.04.2026.

Dersom vi ikkje får søkjar med spesialistkompetanse, kan LIS3 tilsettast. Ved eventuelt internt opprykk blir det òg ledig ei mellombels LIS3-stilling i perioden
01.04.2026–31.12.2026.

🩺 Om avdelinga
Hudavdelinga har poliklinisk drift på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane. Hovudarbeidsstaden er Førde sentralsjukehus, som òg er den største poliklinikken.

Vi tilbyr lysbehandling ved alle einingane, og dei desentraliserte poliklinikkane ved Lærdal og Nordfjord sjukehus har legedagar to gonger i månaden. Avdelinga har òg ei eiga telemedisinsk poliklinikk i Audnedal.

Vi tilbyr rekrutteringstillegg ved tilsetting av overlege

Du blir del av eit fagmiljø med tett samarbeid mellom legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar. Legar som deltek i arbeid ved utepoliklinikkane får avtale om utvida arbeidstid. 

Les meir om Helse Førde HF. 
Les meir om Førde som plass å arbeide og bu:  Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og Fjordane innan fagområdet hud- og veneriske sjukdommar.
  • Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep m.m.
  • Avdelinga brukar videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i hud- og veneriske sjukdommar med norsk godkjenning. LIS3 kan bli tilsett om ein ikkje får søkjar med spesialistutdanning.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Du handsamar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
  • Du er målretta, arbeidsvillig og får oppgåvene gjort
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg for overlege
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Legar får avtale om utvida arbeidstid ved deltaking i arbeid ved utepoliklinikkane
  • Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehage
  • Overlege kan få støtte til husleige med inntil kr 10.000,- per månad i eit år
  • Gode oppvekstvilkår for born
  • Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
  • Førde har eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Trude Lindesteg
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 578 31 344
Navn: Ingvild Sunniva Helgheim Hatten
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 977 84 999
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Hudavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde