
100 % nyoppretta avtaleheimel for godkjend spesialist i hud- og veneriske sjukdomar er ledig omgåande.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Førde HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Førde HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Førde HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 415 33 822.