
Ønsker du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som lege kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? I så fall bør du søke på denne stillinga hos oss.
Rus- og avhengigheitsklinikken (tidlegare Avdeling for rusmedisin) har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling. Les meir om oss her.
Rus- og avhengigheitsklinikken er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Gode moglegheiter for overlegestilling etter fullført spesialisering. Vi har ledig faste stillingar og vikariat i 6 månader med mogleg forlenging. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar til LIS 2/3 vikariat kan også cand.med søke og bli vurdert for desse.
For fast tilsetting gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i rus- og avhengigheitsmedisin. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
For vikariat gjeld følgande: Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga i mellom anna psykiatri eller allmennspesialiseringa. Vi har moglegheit for fleksibilitet i forhold til oppstart og varigheit. Stillinga passar godt som del i allmennspesialiseringsløpet. Ta gjerne kontakt for meir info. Vikariata er ledig frå snarast og til 01.09.2026.
Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.