Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har fra 15.04.2026 ledig eit vikariat med varigheit på 1 år som lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi. 

Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi. 

Seksjonen har tilsett 9 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB) og 3 legar i spesialisering (LIS). RELIS Vest har tilsett ni farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.

Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemidlar. 

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande diagnostikk:                                                                                                                                                                   
    - tolke analyseresultat 
    - vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytiske og analytiske kvalitet
    - bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø

  • Fagleg medansvar for anna arbeid innen rasjonell farmakoterapi:
  • - gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel knytt til effekt og biverknader
    - delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar for fastlegar
    - delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon
    - delta i arbeid med biverknader
    - delta i arbeid i legemiddelkomiteen
    - delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800-1600 

Det er ein viktig del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det blir lagt til rette for det.

Kvalifikasjonar

  •  Norsk autorisasjon som lege
  •  Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  •  Gjennomført teneste som LIS1 eller turnusteneste
  •  God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring frå arbeid i laboratoriefag vert vektlagt
  • Erfaring med og interesse for forsking og undervisning vert vektlagt
  • Erfaring frå arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon vert vektlagt  

    Personlege eigenskapar

    • Du må: 
      - ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid 
      - vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
      - ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
      - personleg egnethet blir lagd vekt på

    Vi tilbyr

    • Eit godt arbeidsmiljø
    • God opplæring
    • Varierte arbeidsoppgåver
    • Tid til fagleg fordjuping og utvikling
    • Lønn etter gjeldande overeinskomst
    • Ei god pensjonsordning 


    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Bergen HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Camilla Borthen Methlie
    Tittel: Enhetsleder, Seksjonsoverlege
    Telefon: 95978278
    E-post: camilla.borthen.methlie@helse-bergen.no
    Navn: Hege Hoff Skavøy
    Tittel: Avdelingssjef
    Telefon: +47 55974397
    E-post: hege.hoff.skavøy@helse-bergen.no
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Arbeidssted
    Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken
    Haukelandsveien 22
    5009 Bergen