Då ein av våre fast tilsette legar skal ha sjukehusteneste, søker vi ein engasjert og nysgjerrig fastlegevikar i hennes heimel.
Oppstart frå 1. mars 2026 eller etter avtale.
Vikariatet går minst fram til og med desember 2026.
Listestorleiek er på kring 560.
Vi nyttar CGM journal.
I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Eidsdal, Stordal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Det er ein times køyretur frå Ålesund sentrum til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.
For meir informasjon kring bygdelag i Fjord kommune, sjå:
For meir informasjon om Sunnmøresregionen, sjå:
Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen. Det er veldig godt samhold i kollegialet, der alle er interessert i friluftsliv.
Møt to av legane i Fjord kommune:
Det gode legelivet i Fjørå (opplevfjord.no)
Legane har faste fagmøter, og eit godt samarbeid med sjukehuset i Ålesund.
Vikariat vil vere på 80 % stilling, men om kandidat ønsker 100 %, vil dette la seg ordne.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.