Valen sjukehus søkjer legevikarar/medisinerstudentar med lisens sommaren 2026, veke 26 - 33.
Arbeidsoppgåver
Under rettleiing og supervisjon frå LIS eller overlege.
- Bidra med medisinskfagleg kompetanse i eininga/avdelinga.
- Mottak av pasientar: Innkomstnotat og rutine etter skjema samt somatisk presens, journalresymè, vurdere og tolke labsvar.
- Håndtere somatisk problemstillingar i døgnavdeing i samråd med LIS/overlege. Kontakt med somatisk sjukehus og DPS, henvisningar.
- Legemiddelsamstemming.
- Psykometriske tester som MADRS, Ymrs, MINI mental etter opplæring.
- Journalnotater og epikriser.
- Delta i forvakt.
Kvalifikasjonar
- Dersom du har lisens når du søkjer, skal du skrive HPR-nummeret ditt i søknaden.
- Det er eit krav at du kan leggje fram norsk lisens som lege/medisinarstudent innan oppstart.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er oppteken av god pasientbehandling
- har gode kommunikasjonsferdigheter
- er ansvarsbevisst og pålitelig
- arbeider strukturert og nøyaktig
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
- Introduksjon og opplæring.
- Sjukehuset har møblerte hyblar for tilreisande.