Kort om arbeidsgiver
Vik kommune haromlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 330 tilsette fordelt på ca 270 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.
Ønskjer du å jobbe som fastlege i ei bygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv på fjell eller fjord? Søk då vårt vikariat ved Vik legekontor! Vi har no ledig 100% fastlege i 1 års vikariat. Stillinga er ledig frå 01.02.26 til 31.01.27.
Vik legekontor er kommunalt drifta, godt utstyrt og bemanna med erfarne og stabile legar og helsepersonell. Legekontoret har 6 fastlegar og ei LIS1-stilling. Vik kommune er godkjend som utdanningsverksemd for spesialisering i allmennmedisin og legg godt til rette for ALIS-løp med individuell utdanningsplan, rettleiing og fagleg oppfølging.
Stillinga er for tida ikkje tildelt andre offentlege allmennlegeoppgåver i kommunen, men dette kan bli aktuelt (jf. forskrift om fastlegeordning i kommunane). Du vil i stillinga vera vikar for fastlege med eiga liste, samt delta i øyeblikkeleg hjelp konsultasjonar på dagtid og legevakt.
Me tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
- Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Allmennpraksis
- Deltaking i legevakt
- Offentlege allmennlegeoppgåver etter avtale
- Kollegial fråværsdekning innad på legekontoret i ferie og anna fråvær
Krav til kompetanse
- Norsk autorisasjon som lege
- God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og positiv
- Ryddig, strukturert og systematisk
- Du er sjølvstendig og tek ansvar
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide med andre
- Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Fastløn eller løn etter avtale
- Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
- Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing. Krav om førarkort. Kommunen vil hjelpa til med å skaffe bustad.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57698200.
Velkomen med søknad!