
Vi lyser ut ei ledig fast psykiaterstilling og søker ein engasjert medarbeidar som vil bidra til å vidareutvikle tilbodet vårt ved DPS poliklinikk for psykisk helsevern i Ålesund!
Poliklinikken består av sju behandlarteam. Eit gruppebehandlingsteam, eit ROP team og fire til dels spissa allmennteam. Vi har også eit nyoppretta Tidleg Avklaringsteam som møter pasientar tidleg etter henvisning og tilbyr fleksibel oppfølging i etterkant. Allmennteama våre består av to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Vi har stor bredde innan behandlingstilnærmingar. I haust starta vi prosessen med å utvide tilbodet vårt med B4DT (fire dagers behandling for angstlidingar). Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal, har dei siste ni månadane prøvd ut Kunstig Intelligens til hjelp i journalskriving. Med gode erfaringar. Vi har 15 spesialistar innan psykologi og psykiatri, der 6 er spesialistar i psykiatri. VI har i tillegg to LIS legar i rotasjon i poliklinikken.
Som overlege vil ein i hovudsak vere knytta til eit team, samstundes som ein deltek i poliklinikkens ansvar for rettleiing av LIS legar og inntaksarbeid i samarbeid med andre spesialistar.
Stillinga er i eit allmennteam.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.