Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Fastlegevikariat ved Eikelandsosen legekontor
Bjørnafjorden kommune har ledig vikariat som fastlege i 100 % stilling ved Eikelandsosen legekontor frå 1. mars 2026 til 31. august 2026.
Stillinga har fast løn, i tillegg til 30 % insentiv som næringsinntekt.

Om legekontoret
Eikelandsosen legekontor har fire legar: tre ALIS-legar og ein spesialist i allmennmedisin. Arbeidstida er kl. 08.00–15.30. Fastlegeheimelen har listetak på 600 pasientar.
Kontoret ligg i moderne lokale i sentrum og er samlokalisert med legevaktstasjonen, som er ein del av den interkommunale legevakta i Bjørnafjorden kommune. Utstyret er oppdatert og moderne.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde
Politiattest må leggjast fram i tråd med helsepersonellova.
Tilsetjing skjer etter gjeldande avtaleverk. Du må delta i legevaktordning i tråd med sentrale avtalar. Vi har avtale om legevakt på dagtid kl. 08.00–12.00 og pliktig deltaking i minimum 20-delt legevaktordning.

Vi tilbyr
  • Fast løn etter avtale
  • Insentivavtale: 30 % som næringsinntekt
  • Spesialiseringsløp med rettleiar som er spesialist i allmennmedisin
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som v erdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Desiree Lange
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 456 93 498
E-post: dle@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
Eikelandsosen legekontor
,
5640 EIKELANDSOSEN
Søk på stillingen