
Gastrokirurgisk avdeling har regionsfunksjon for øsofagus- og ventrikkelcancer, sentralisert funksjon for pancreas- og leverkirurgi. Innan Cololorectal profilområde er det eit spesifikt fokus på rektumcancer, avansert coloncancer og inflammatoriske tarmsjukdommar, i tillegg bekkenbunnsincufficiens med særskild vekt på proktologi. Avdelinga deltar også i den mulitidisiplinære behandlinga av pasientar i sarkomgruppa.
Avdelinga ønsker å styrke sin verksemd innan klinisk forsking og har difor oppretta ein stilling som overlege ved seksjon for colorektalkirurgi.
Stillinga føreset kombinert med 50% forskingsstipend frå ekstern kjelde.
Krav for stillinga:
· Realkompetanse innan colorektalkirurg med hovudvekt på kreftkirurgi
· Vaktkompetent som gastrokirurg ved regionssjukehus
· Allereie godkjent forskingsstilling/-stipend frå ekstern kjelde
Undervisning og forsking er viktige oppgåver i avdelinga.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.
Kirurgisk klinikk har eit tilbod innan kirurgi til pasientar med alminnelege lidingar og til pasientar med meir kompliserte tilstandar. Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Brannskadepasientar kjem frå heile landet.
Det er 6 avdelingar i Kirurgisk klinikk:
Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
Avdeling for gastrokirurgi
Avdeling for karkirurgi
Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
Avdeling for urologi
Traumesenteret med oppgåver lagt til Haukeland universitetssjukehus som regionalt traumesenter for Vestland og Rogaland.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.