
Haukeland universitetssjukehus har etablert ein akuttkirurgisk seksjon i Mottaksklinikken. Seksjonen er eit
samarbeid mellom Mottaksklinikken og Kirurgisk klinikk, Avdeling for
gastrokirurgi. Den som blir tilsett vil ha arbeidsområde både i akuttmottak og
ved sengepostane i Mottaksklinikken og ha ansvar for oppfølgning av gastrokirurgiske pasientar i Mottaksklinikken. Det kirurgiske omfanget i seksjonen vil vere akutte gastrokirurgiske
tilstandar.
Gastrokirurgisk avdeling søker spesialist i gastrokirurgi eller gastromedisin, til stilling som overlege i Gastrokirurgisk
avdeling, med arbeidsoppgåver delt mellom seksjon for øvre gastrokirurgi og
kirurgisk seksjon i Mottaksklinikken.
Avdeling for gastrokirurgi har eit høgt tal ØH-pasientar og stor aktivitet knytt til dette. Ein stor del av desse
pasientane vil no bli utreda og behandla ved den kirurgiske seksjonen i
Mottaksklinikken. Det er også etablert ei akutt operasjonslinje i samarbeid med
Kirurgisk serviceklinikk.
Vi søker deg som arbeider sjølvstendig, er god til å samarbeide med andre, og vil vere med på å utvikle
eit nytt konsept for dei kirurgiske akuttpasientane. Arbeids-oppgåvene vil i
hovudsak vere knytt til utgreiing og behandling av pasientar i Mottaksklinikken
i samarbeid med Gastrokirurgisk avdeling. Den som blir tilsett vil rullere
mellom Mottaksklinikken og seksjon for øvre gastrokirurgi med stillingsbrøk ca 50/50. I vekene med arbeid ved Gastrokirurgisk avdeling, vil hovudoppgåva vere å delta i, og videreutvikle vår verksemd innan skopiske prosedyrer som FTR, ESD, EUS, skopisk intervensjon som ERCP og stenting i både øvre og nedre gastro.
Mottaksklinikken og Kirurgisk klinikk inngår i Mottaksmodellen, som er
Haukeland universitetssjukehus sin måte å organisere mottak og fordeling av
akuttpasientar på inn i sjukehuset. Mottaksmodellen har pasienten i sentrum og involverer
alle klinikkar rundt pasientflyten. Målet med modellen er å sikre rask og
presis diagnostikk som utan forseinkingar gjev pasienten rett behandling på rett
stad og til rett tid.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om
helsepersonell § 20a. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg.
Søknadar stila til avdelinga utanom WebCruiter vil ikkje bli behandla.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.