Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Gastrokirurgisk avdeling søker spesialist i gastrokirurgi eller medisin, til stilling som overlege i Gastrokirurgisk
avdeling, med arbeidsoppgåver i all hovudsak som skopør.

Avdeling for gastrokirurgi ønskjer å vere leiande innen endoskopiske prosedyrar og er komen langt i bruk av FTR, ESD og stenting i dei tilfelle ein kan unngå kirurgi.

Vi søker deg som arbeider sjølvstendig, er god til å samarbeide med andre, og vil vere med på å utvikle
vår endoskopiske verksemd for organbevarande prosedyrer.

Arbeidsoppgåvene vil i
hovudsak vere knytt til endoskopisk utgreiing og behandling av pasientar i Gastrokirurgisk avdeling, der hovudoppgåva vil vere å delta i, og vidareutvikle vår verksemd innan skopiske prosedyrar som FTR, ESD, EUS og stenting i både øvre og nedre gastro, i tillegg til eit høgt antall ERCP-prosedyrar og andre intervensjons-skopiar.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om
helsepersonell § 20a. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg. 

Søknadar stila til avdelinga utanom WebCruiter vil ikkje bli behandla.

Arbeidsoppgåver

  • Tilby endoskopisk kompetanse og nærvær i avdelinga
  • Utgreie, diagnostisere og behandle pasientar
  • Disponere og handtere ØH-skopistuer i samråd med kirurgiske bakvakter
  • Elektive og akutte skopiske prosedyrar både ved HPB, ØVD og kolorektal-seksjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Spesialist i gastroenterologisk kirurgi, gastroenterologi eller indremedisin
  • Endoskopiske ferdigheter tillegges stor vekt
  • Evne til tverrfagleg samarbeid blir tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Kan prioritere når situasjonen krev det
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Har respekt for den enkelte pasient og kollega
  • Har god evne til kommunikasjon og samarbeid
  • Bidrar til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø internt og på tvers av avdelingar
  • Tenker heilskapleg
  • Tar ansvar i lagarbeid
  • At ein er personleg eigna til stillinga vil bli tillagt stor vekt
  • Forskarerfaring og interesse for forsking og utvikling er ein fordel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukehuset har 4 barnehagar og moglegheiter for sjukehusbustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Thomas Geisner
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 95217532
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen